Rosar satsing på utdanning i oljebransjen

– Det er fint at Hordaland fylkeskommune opprettheld kompetansen innan utdanninga. Eg likar at fylkeskommunen har is i magen og satsar vidare, seier olje- og energiminister Tord Lien. Torsdag 23. oktober fekk han omvising og orientering om utdanninga Bergen maritime skole har innan oljebransjen.

– Dette er ei utdanning vi må satse på vidare, seier olje- og energiminister Tord Lien, som fekk prøve den mest avanserte boresimulatoren i verda på Bergen maritime skole, med politisk rådgjevar  Elnar Remi Holmen bak f.v.), varaordførar Thor Woldseth,  Roald Steinseide som styreleiar for fagskulane i Hordaland, Gustav Bahus som er fagansvarleg for petroleumsfag ved skulen og Jørn Gildernes i Odfjell Drilling.

– Dette er ei utdanning vi må satse på vidare, seier olje- og energiminister Tord Lien, som fekk prøve den mest avanserte boresimulatoren i verda på Bergen maritime skole, med politisk rådgjevar Elnar Remi Holmen bak f.v.), varaordførar Tor Woldseth, Roald Steinseide som er styreleiar for fagskulane i Hordaland, Gustav Bahus som er fagansvarleg for petroleumsfag ved skulen og Jørn Gildernes i Odfjell Drilling. (foto: Bjarte Brask Eriksen)


Tredimensjonal
Bergen maritime skole er både vidaregåande skule og fagskule og brukar den mest moderne og avanserte boresimulatoren i verda. Den er tredimensjonal og i full skala, den første i Noreg, og den einaste i verda som er offentleg eigd. Simulatoren er viktig i utdanninga av dei som arbeider offshore og er eit synleg teikn på at Hordaland fylkeskommune som skuleeigar satsar på petroleumsteknologi.

 

Effektiv og relevant utdanning
– Her får elevar og studentar utdanning i eit miljø som er likt det dei møter på sokkelen. Vi ser at det er openbert nødvendig for å få ein mest effektiv og relevant utdanning. Dette er og eit tiltak som har medverka til auka kostnadskontroll på sokkelen. Det er mykje billegare å gjere feil her enn på sokkelen. Elevar og studentar får trene på krevjande situasjonar og situasjonar på sokkelen som dei ikkje møter så ofte. Dette er ei utdanning som vi må satse på framover. Eg trur at vi på generelt grunnlag må jobbe meir med å ta i bruk informasjons- og kommunikasjonsteknologi innan utdanning, seier olje- og energiminister Tord Lien, som fekk prøve korleis det er å bore etter olje på simulatoren.


Må spare pengar
På Bergen maritime skole møtte statsråden tilsette ved skulen, tilsette i oljebransjen og politikarar. Svingingane i oljebransjen vart diskutert.
– Det har alltid gått opp og ned i oljebransjen. I 1986 vart det sagt at det var slutt på olja i Nordsjøen om tre år, men vi finn stadig nye felt. Vi vil framleis ha oljebransje i lang tid framover. Det som har skjedd dei siste åra er at kostnadene med utvikling og boring har auka kraftig, så vi må jobbe meir kostnadseffektivt, seier Jørn Gildernes i Odfjell Drilling som har følgt bransjen sidan tidleg 80-tal. 

– Boresimulatoren er eit tiltak som har medverka til auka kostnadskontroll på sokkelen, seier olje- og energimi-nister Tord Lien. – Det vil bli behov for 5000 nye tilsette i oljebransjen dei neste åra, seier fagansvarleg for petroleumsfag ved Bergen maritime skole, Gustav Bahus. – Fylkeskommunen tenkjer langsiktig og satsar vidare som før, seier Roald Steinseide, styreleiar for fagskulane i Hordaland. – Vi har svært stor søknad til skulen og det er vanskeleg å kome inn, seier avdelingsleiar Jørgen Eriksen ved Bergen maritime skole (t.v.).
– Boresimulatoren er eit tiltak som har medverka til auka kostnadskontroll på sokkelen, seier olje- og energiminister Tord Lien. – Det vil bli behov for 5000 nye tilsette i oljebransjen dei neste åra, seier fagansvarleg for petroleumsfag ved Bergen maritime skole, Gustav Bahus. – Fylkeskommunen tenkjer langsiktig og satsar vidare som før, seier Roald Steinseide, styreleiar for fagskulane i Hordaland. – Vi har svært stor søknad til skulen, og det er vanskeleg å kome inn, seier avdelingsleiar Jørgen Eriksen ved Bergen maritime skole (t.v.).  

 

Treng 5000 nye
Gustav Bahus er fagansvarleg for petroleumsfag ved Bergen maritime skole.
– Vi blir åtvara mot å utdanne folk til arbeidsløyse, men fakta er at det vil bli behov for 5000 nye tilsette i oljebransjen dei neste åra, seier Gustrav Bahus.
Roald Steinseide, styreleiar for fagskulane i Hordaland, seier at fylkeskommunen tenkjer langsiktig og satsar vidare som før.

 

Må aldri skape tvil
Jørgen Eriksen er avdelingsleiar ved Bergen maritime skole.
– Vi har svært stor søknad til skulen, og det er vanskeleg å kome inn. Vi har flinke elevar og svært lite fråvær. Elevane vil reise ut på sokkelen og tene pengar, seier Jørgen Eriksen ved ein av noregs største maritime skular.
Elnar Remi Holmen, politisk rådgjevar i olje- og energidepartementet seier at vi aldri må skape tvil om at oljenæringa er framtidsretta.

 

Smart løysing
Ole Vidar Moberg leiar den norske avdelinga av Scientific Drilling.
– Vi lever av smarte løysingar som sparar kostnadene. For å bli ein oppegåande ingeniør må du ha to års trening. Å trene på boresimulatoren her er ei smart løysing som sparar kostnadene i oljebransjen, seier Ole Vidar Moberg.

 

300 elevar og studentar
Nærmare 300 elevar og studentar ved Bergen maritime skole får utdanning innan oljebransjen. 180 petroleumsteknikarar innan boreteknikk og havbotninstallasjonar, 45 fagarbeidarar innan brønnteknikkfaga, og 70 tek kveldskurs i brønnteknikk.

 

 

 

Bergen: Vestre Strømkaien 10, 5008 Bergen (ved Legevakten). Postadresse: Postboks 6065, 5892 Bergen. Telefon: +47 55 33 7500

Bergen maritime avdeling Austevoll:  5392 Storebø, Telefon: 56 18 20 00