Utvekslingsprogram - Spania

Utveksling til Cartagena, Spania stipend gjennom Leonardo da Vinci programmet EU sitt LifeLongLearning program

Utveksling til Cartagena, Spania

22.mars-05.april 2014

For fjerde år på rad har vi sendt tre elevar og ein lærar på utveksling til skulen CIFP Hesperides i Cartagena, Spania. Vi har fått tildelt stipend gjennom Leonardo da Vinci programmet, som er ein del av EU sitt LifeLongLearning program. Midlane vert fordelt til skulane sine prosjekt via Hordaland Fylkeskommune sitt Opplæringskontor. I år fekk Halvor Bakke (2TPMARa), Erlend Hjertholm (2TPMARc), Torstein Songve Kristiansen (2ELELEb) og lærar Gisle Fjæren stipenda. I følgje med elevar og lærar deltok Marie Høyvik, internasjonal kontakt ved Bergen Maritime.

I løpet av det to vekers opphaldet er elevane utplassert i bedrifter som er relevant i forhold til studieprogrammet dei følgjer. Dei to maritime elevane, Halvor og Erlend, henholdsvis motormann og matros, var utplassert på slepebåtane til Remolcadores di Cartagena, eigd av rederiet Boluda.  Torstein, som snart går ut i lære som elektriker, var utplassert hos selskapet Ticomsa, som driv med reparasjon og installasjon av telekommunikasjonssystem. Elevane våre vart godt mottatt og har hatt ein lærerik utplasseringsperiode. Dei fekk og ta del i undervisning ved skulen, og spanske medstudentar tok dei med på fritidsaktivitetar.  

Avslutningsmiddag

Bergen: Vestre Strømkaien 10, 5008 Bergen (ved Legevakten). Postadresse: Postboks 6065, 5892 Bergen. Telefon: +47 55 33 7500

Bergen maritime avdeling Austevoll:  5392 Storebø, Telefon: 56 18 20 00