Elev-pc ordning

Informasjon om bruk av private maskiner i undervisningen for VG1 elever

Elev-PC

Undervisninga i vidaregåande skule krev at alle elevane har PC. Og elevane i vidaregåande opplæring i Hordaland fylkeskommune har sjølv ansvar for å skaffe seg PC til skulestart i august.

Elevane vil få tilgang til alt dei treng av programvare på skulen (blant anna Office 365). Alle nye Vg1 elevar vil få utlevert sekk på skulen i veke 35 eller veke 36.

Modellane for skuleåret 2015/2016 er no lagt ut og bestillingsportalen er open. Korleis skaffe seg ei maskin til skulestart?


Du kan velje mellom å:

  • Kjøpe gjennom leverandøren til Hordaland      Fylkeskommune 
    Fylket tilbyr fleire maskiner med subsidie. Du kan berre kjøpe ein datamaskin gjennom fylkeskommunen sin avtale, og avtalen gjeld berre for elevar som startar i Vg1 for fyrste gong i offentlege vidaregåande  skular.
  • Bruke eiga maskin 
    Du kan bruke ei maskin du allereie eig. Du må då ha eit antivirusprogram som er oppdatert, og du må  kunne produsere og levere inn oppgåver i  format som er mogleg å lese for læraren. I tillegg må datamaskinen fungere i It`s Learning.
  • Kjøpe maskin i butikk
    Du kan også velje å kjøpe maskin i butikk. Hugs då å sjekke at maskina du ønskjer å kjøpe er eigna til bruk i undervisninga.

 

Oppdatert informasjon finnes på sidene til hordaland.no

Bergen: Vestre Strømkaien 10, 5008 Bergen (ved Legevakten). Postadresse: Postboks 6065, 5892 Bergen. Telefon: +47 55 33 7500

Bergen maritime avdeling Austevoll:  5392 Storebø, Telefon: 56 18 20 00